Torgdag på Grodås

I dag, fredag 5. oktober er det torgdag på Grodås.

Eg står der frå klokka 14.30 til klokka 17.00 ved Grodås bilsenter (XY)

I dag har eg Asterix, Kerrs Pink og Gulrøter.

Hjarteleg velkommen til ein hyggeleg handel!

 

Reklamer

Asterix, Kerrs Pink og gulrøter

I dag fekk vi inn fine Asterix- og Kerrs Pink poteter frå vår nye leverandør. Begge sortane er pakka i 10-kilos papirsekkar og potetene er sjølvsagt uvaska.

Vi har også flotte gulrøter i 2,5 kilossekkar.

Du kan kjøpe direkte hos oss i Ørsta, ring til Heidi for å avtale henting, telefon:

456 66 829

Du kan betale både med kort og kontant.

Nokre sekkar av eit parti med Asterix, som vi fekk inn i september, var diverre skadde. Ta kontakt dersom du fekk ein av dei skadde sekkane, så erstattar vi med nye poteter.