Ovnsbakte mandelpoteter

Ovnsbakte mandelpoteter set ein ekstra spiss på dei fleste måltid – og det er både raskt og enkelt og tilberede.

Set steikomnen på 225 grader.

Skrubb potetene og del dei i båtar. Legg dei i ei ildfast form og hell over ein god olivenolje. Dryss over ønska mengd med salt og krydre godt med Provencekrydder. Steikast i 15 min midt i steikomnen.

Mmmmm…

Reklamer

Torgsal i Fosnavåg og Ulsteinvik fredag

Vi har fått inn både Mandelpotet, Kerrs Pink og Asterix frå våre nye leverandørar. I tillegg har vi flotte gulrøter, både poteter og gulrøter er sjølvsagt uvaska. Potetene er pakka i 10-kilosposar og gulrøtene er i 2,5 kilos posar.

Torgtider torsdag 12. oktober

  • Fosnavåg (Vågsgata) 10 -12
  • Ulsteinvik (Rådhuset) 13 – 15

Torgsal i Volda og Ørsta torsdag

Vi har fått inn både Mandelpotet og Asterix frå våre nye leverandørar. I tillegg har vi flotte gulrøter, både poteter og gulrøter er sjølvsagt uvaska. Potetene er pakka i 10-kilosposar og gulrøtene er i 2,5 kilos posar.

Torgtider torsdag 11. oktober

  • Volda (Sivert Aarflotsplass) frå kl 11.00 til 13.00.
  • Ørsta (ved Kunsthuset/Amfi) frå 14.30 til 17.00.

Ynskjer du å kjøpe poteter utanom torgdagane, ta kontak med Heidi på tlf: 456 66 829.

Torgdag på Grodås

I dag, fredag 5. oktober er det torgdag på Grodås.

Eg står der frå klokka 14.30 til klokka 17.00 ved Grodås bilsenter (XY)

I dag har eg Asterix, Kerrs Pink og Gulrøter.

Hjarteleg velkommen til ein hyggeleg handel!

 

Bilen er klar

Dette er bilen du skal sjå etter når vi har torgdag. Heidi er klar til å fylle bilen med årets Asterix poteter. Potetene er kortreiste og av klasse 1. Vi har også eit lite utval av nypoteta Rutt.

Denne veka er det torgdag i Volda frå klokka 11 til 13 og i Ørsta frå klokka 13 til 15.

Hugs at du alltid kan kontakte oss på telefon for å avtale henting av poteter.

Heidi

Tlf: 456 66 829