Ovnsbakte mandelpoteter

Ovnsbakte mandelpoteter set ein ekstra spiss på dei fleste måltid – og det er både raskt og enkelt og tilberede.

Set steikomnen på 225 grader.

Skrubb potetene og del dei i båtar. Legg dei i ei ildfast form og hell over ein god olivenolje. Dryss over ønska mengd med salt og krydre godt med Provencekrydder. Steikast i 15 min midt i steikomnen.

Mmmmm…

Reklamer

Torgsal i Fosnavåg og Ulsteinvik fredag

Vi har fått inn både Mandelpotet, Kerrs Pink og Asterix frå våre nye leverandørar. I tillegg har vi flotte gulrøter, både poteter og gulrøter er sjølvsagt uvaska. Potetene er pakka i 10-kilosposar og gulrøtene er i 2,5 kilos posar.

Torgtider torsdag 12. oktober

  • Fosnavåg (Vågsgata) 10 -12
  • Ulsteinvik (Rådhuset) 13 – 15

Torgsal i Volda og Ørsta torsdag

Vi har fått inn både Mandelpotet og Asterix frå våre nye leverandørar. I tillegg har vi flotte gulrøter, både poteter og gulrøter er sjølvsagt uvaska. Potetene er pakka i 10-kilosposar og gulrøtene er i 2,5 kilos posar.

Torgtider torsdag 11. oktober

  • Volda (Sivert Aarflotsplass) frå kl 11.00 til 13.00.
  • Ørsta (ved Kunsthuset/Amfi) frå 14.30 til 17.00.

Ynskjer du å kjøpe poteter utanom torgdagane, ta kontak med Heidi på tlf: 456 66 829.

Torgdag på Grodås

I dag, fredag 5. oktober er det torgdag på Grodås.

Eg står der frå klokka 14.30 til klokka 17.00 ved Grodås bilsenter (XY)

I dag har eg Asterix, Kerrs Pink og Gulrøter.

Hjarteleg velkommen til ein hyggeleg handel!

 

Kjøp poteter når det passar deg

Du kan når som helst ta kontakt med Heidi for å handle poteter og gulrøter.

I ein travel kvardag med jobb og andre plikter, er det fint å handle når det passar deg. Derfor kan du, i tillegg til torghandel, ringe eller sende melding til Heidi og avtale når du kan kjøpe poteter. Mange stikk innom etter jobb, for då skal ein gjerne på handel likevel. Potetgrossisten held til i Ørsta sentrum, du får adressa når du tek kontakt.

Ta kontakt med Heidi på tlf: 45 66 68 29