Bilen er klar

Dette er bilen du skal sjå etter når vi har torgdag. Heidi er klar til å fylle bilen med årets Asterix poteter. Potetene er kortreiste og av klasse 1. Vi har også eit lite utval av nypoteta Rutt.

Denne veka er det torgdag i Volda frå klokka 11 til 13 og i Ørsta frå klokka 13 til 15.

Hugs at du alltid kan kontakte oss på telefon for å avtale henting av poteter.

Heidi

Tlf: 456 66 829

Reklamer

Torgdagar 13. og 14. september

Torsdag 13. og fredag 14. september 2018 vert vår første torgdag. På torsdag finn du oss på Sivert Aarflot plassen i Volda, plassen mellom Håvik og Cubus. På fredag er det Ørsta sin tur å få besøk av Potetgrossisten. Då finn du oss på Havtor Hovdensplass, ved Kunsthuset og Amfi.

No er årets Asterix oppe av jorda, i tillegg har vi nokre posar med poteta Rutt. Du vil også kunne kjøpe gulrot.

 

 

Torgtider i veke 37

  • Volda torsdag 13. september frå klokka 11.00 til 13.00.
  • Ørsta fredag 14. september frå klokka 13.00 til 15.00.

Utanom torgdagane kan du alltid ringe og avtale henting i Ørsta på telefon: 456 66 829

Velkommen til Poteter Frukt og Grønt!

Potetgrossisten sel i hovudsak kortreiste poteter, frukt og grønt som er dyrka i Valldalen. Bygda som er kjend for sine fantastiske jordbær.

Vi kjem til å ha torgdagar på Søre Sunnmøre, i tillegg kan du ringe til oss og avtale å hente poteter i Ørsta. På denne sida vert kvar torgdag kungjort i god tid før torgdagen.

Send e-post eller ta kontakt på telefon dersom du har spørsmål. Kontaktinformasjon finn du nest på sida. Klikkar du på lenka «Kontakt» øvst i menyen, kan du også sende melding via vårt kontaktskjema.