Ovnsbakte mandelpoteter

Ovnsbakte mandelpoteter set ein ekstra spiss på dei fleste måltid – og det er både raskt og enkelt og tilberede.

Set steikomnen på 225 grader.

Skrubb potetene og del dei i båtar. Legg dei i ei ildfast form og hell over ein god olivenolje. Dryss over ønska mengd med salt og krydre godt med Provencekrydder. Steikast i 15 min midt i steikomnen.

Mmmmm…

Reklamer

Torgsal i Volda og Ørsta torsdag

Vi har fått inn både Mandelpotet og Asterix frå våre nye leverandørar. I tillegg har vi flotte gulrøter, både poteter og gulrøter er sjølvsagt uvaska. Potetene er pakka i 10-kilosposar og gulrøtene er i 2,5 kilos posar.

Torgtider torsdag 11. oktober

  • Volda (Sivert Aarflotsplass) frå kl 11.00 til 13.00.
  • Ørsta (ved Kunsthuset/Amfi) frå 14.30 til 17.00.

Ynskjer du å kjøpe poteter utanom torgdagane, ta kontak med Heidi på tlf: 456 66 829.

Asterixpotet

Torgdag i Ørsta – kl 13 til 15

I dag, fredag 14. september er det torgdag i Ørsta. Vi står på Havtor Hovdens plass ved Kunstuset/ Amfi. Her finn du bilen vår og Heidi, ho sel Asterix-poteter, Rutt-poteter og gulrot.

Passar det ikkje for deg å kome? Hugs at du alltid kan ringe til Heidi for å kjøpe poteter for henting i Ørsta. Tlf: 456 66 829.

Torgdag i Volda – kl 11 til 13

I dag, torsdag 13. september, har vi vår aller første torgdag i Volda. Ta på regnjakke og støvlar og stikk innom Sivert Aarflotsplass, mellom Cubus og Håvik. Her finn du bilen vår og Heidi, ho sel Asterix-poteter og gulrot.

Passar det ikkje for deg å kome? Hugs at du alltid kan ringe til Heidi for å kjøpe poteter for henting i Ørsta. Tlf: 456 66 829.

Du kan også kome og handle i Ørsta i morgon, fredag 14. september, då treff du oss ved Kunsthuset/Amfi, frå kl 13 til 15.

Hjarteleg velkomen!

 

 

 

Vi sel også gulrøter

Gulrøter skal du oppbevare slik som du ser på biletet, kaldt og uvaska, då står dei seg lengst. Torsdag 13. og fredag 14. september er det torgdag, då har vi også uvaska gulrøter for sal i tillegg til Asterix-poteter.

Under er det bilete av årets Asterix-potet. Denne sel vi både i 10-kilossekkar og i 25-kilossekkar.

Husk

Utanom torgdagar kan du ringe og avtale og hente poteter og gulrøter hos oss i Ørsta. Ta kontakt på telefon: 456 66 829.

Torgtider i veke 37

  • Volda torsdag 13. september frå klokka 11.00 til 13.00.
  • Ørsta fredag 14. september frå klokka 13.00 til 15.00.