Ovnsbakte mandelpoteter

Ovnsbakte mandelpoteter set ein ekstra spiss på dei fleste måltid – og det er både raskt og enkelt og tilberede.

Set steikomnen på 225 grader.

Skrubb potetene og del dei i båtar. Legg dei i ei ildfast form og hell over ein god olivenolje. Dryss over ønska mengd med salt og krydre godt med Provencekrydder. Steikast i 15 min midt i steikomnen.

Mmmmm…

Reklamer

Torgsal i Fosnavåg og Ulsteinvik fredag

Vi har fått inn både Mandelpotet, Kerrs Pink og Asterix frå våre nye leverandørar. I tillegg har vi flotte gulrøter, både poteter og gulrøter er sjølvsagt uvaska. Potetene er pakka i 10-kilosposar og gulrøtene er i 2,5 kilos posar.

Torgtider torsdag 12. oktober

  • Fosnavåg (Vågsgata) 10 -12
  • Ulsteinvik (Rådhuset) 13 – 15

Torgdag på Grodås

I dag, fredag 5. oktober er det torgdag på Grodås.

Eg står der frå klokka 14.30 til klokka 17.00 ved Grodås bilsenter (XY)

I dag har eg Asterix, Kerrs Pink og Gulrøter.

Hjarteleg velkommen til ein hyggeleg handel!

 

Asterix, Kerrs Pink og gulrøter

I dag fekk vi inn fine Asterix- og Kerrs Pink poteter frå vår nye leverandør. Begge sortane er pakka i 10-kilos papirsekkar og potetene er sjølvsagt uvaska.

Vi har også flotte gulrøter i 2,5 kilossekkar.

Du kan kjøpe direkte hos oss i Ørsta, ring til Heidi for å avtale henting, telefon:

456 66 829

Du kan betale både med kort og kontant.

Nokre sekkar av eit parti med Asterix, som vi fekk inn i september, var diverre skadde. Ta kontakt dersom du fekk ein av dei skadde sekkane, så erstattar vi med nye poteter.

Skadd vare

Eg opplevde diverre at det oppsto skade på delar av leveransen eg selde på torgsal i Volda og Ørsta 13. og 14. september. Dette var skade det ikkje var råd å oppdage då eg mottok varene. Dersom du kjøpte, eller kjenner nokon som kjøpte, hos meg desse dagane, ver vennleg å ta kontakt slik at eg kan erstatte eventuell skadd vare.

Ta kontak på telefon: 456 66 829.